
"Gal eller Gud?" av Bjørnar Gudmestad

Statsministeren i Norge er ein god leiar. Det viste han etter terroren som ramma så mange i sommar, då han leia landet på ein bra måte og var med på å visa at me ikkje skal besvara vondt med same mynt. Det var godt leiarskap!
Og det er flott å ha ein god leiar for folket, i alle fall så lenge han ikkje påstår å ha all makt i himmel og på jord, eller at han er Gud. Det er lite truleg at statsministeren hadde vore statsminister særleg lenge dersom han i fullt alvor påstod noko slikt.
Men det var akkurat dette Jesus sa. Likevel er det mange som meiner at Jesus var ein stor leiar og ein lærar med flotte råd å gje, men ikkje noko særleg meir. Eg trur det er meir riktig å seia at viss Jesus ikkje verkeleg var Gud eller hadde all makt i himmel og på jord, så var han gal. Ingen store og flotte leiarar seier slikt i fullt alvor med mindre det er sant.
No trur eg og mange andre at det faktisk er sant. Enorme mengdar menneske trur i år 2012 at Jesus er Guds son, og at han har all makt i himmel og på jord. Mellom anna fordi dei historiske bevisa for at Bibelens sannhet er overveldande, men òg fordi me har møtt han. Me har erfart at Jesus er levande i dag.
Me trur altså ikkje at Jesus var gal og er død. Me trur at han både var og er Guds son. Og dersom det er slik, får det han har sagt store konsekvensar for liva våre. Her er nokre eksempel på kva Jesus har sagt til oss menneske:
- Han kom til jorda for å frelsa syndarar:
”Det er et troverdig ord og vel verd å ta imot, at Kristus Jesus kom til verden for å frelse syndere, og blant dem er jeg den største.” (1 Timoteus 1,15)
- Han vil ha kontakt og fellesskap med oss:
”Gud er trofast, han som har kalt dere til fellesskap med sin Sønn, Jesus Kristus, vår Herre.”(1.Korinterbrev 1,9)
- Han innbyr alle til å koma til seg:
”Kom til meg, alle dere som strever og bærer tunge byrder, og jeg vil gi dere hvile.”
(Matteus 11,28)
- Han bryr seg om bekymringane våre
”Vær ikke bekymret for noe! Men legg alt dere har på hjertet, fram for Gud. Be og kall på ham med takk!” (Filipperne 4,6)
- Han vil at alle skal verta frelst
”Han som vil at alle mennesker skal bli frelst og lære sannheten å kjenne.”
(1.Timoteus 2,4)
At julebrus er godt, veit eg av erfaring. Men første gongen eg prøvde julebrus, hadde eg ikkje denne kunnskapen på førehand. Då måtte eg berre smaka og kjenna. Mange av oss har allereie smakt, og kjenner at det er godt å tru på Jesus. Bibelen oppmodar alle til å smaka, mellom anna i Salme 34,9: ”Smak og sjå at Herren er god…” . Herved er det anbefalt!
