Siste nyheter

Syndene mine kjem han aldri meir i hug

Eg heiter Kristine Borgemyr og er 32 år gammal. Gud har velsigna meg med ein flott mann og to små gutar, Johannes på 3 år og Kåre som er 1 1/2 år gammal. Eg opplevde det utfordrande å bli spurt om eg ville dele eit vitnesbyrd med lesarane på salem.no. Kva skulle eg dele?

 

Mannen min og eg er inne i ein kjekk, men travel og hektisk periode i livet, noko eg trur dei fleste småbornsforeldre kjenner seg att i. Dette, saman med at eg ikkje alltid gjer rette prioriteringar, fører til at kristenlivet mitt ofte kan beskrivast som ei aldri så lita ørkenvandring, men innimellom møter eg likevel på små oasar der eg opplever at Gud er nær. Det meste av andaktslivet i huset er retta mot dei to små, og det er dessverre sjeldan eg set meg ned med Bibelen sjølv. Derimot opplever eg at det er godt at eg alltid kan be. Det finn eg alltid tid til, sjølv om det ikkje alltid er like mange ord i kvar bønn. Ofte når eg ber, tenkjer eg på kor utruleg det er at Gud alltid har tid til meg.

 

Då eg var 19 år gammal, reiste eg rundt som barne- og ungdomsarbeidar på Nordmøre. Dette året vart eg spesialt glad i eit bibelvers frå Hebrearane 8, vers 12: «For eg vil vera miskunnsam mot uretten deira , og ikkje meir koma syndene deira i hug». Dette verset er eg like glad i den dag i dag. Det kjem stadig til meg og minner meg om at eg skal få tre fram for Gud sjølv om eg så ofte feilar som kristen og prioriterer feil i kvardagen. Gud har gløymt syndene mine og held dei ikkje fram mot meg!

 

Så er det altså varierande kor nært eg lever Jesus. Nokre dagar kjennest det som eg vandrar i ørkenen, andre dagar ropar eg på Gud om hjelp når utfordringane hopar seg opp. Når eg ser på dei to små gutane våre der dei ligg og søv, takkar eg Gud for at han har velsigna meg over min forstand, og andre dagar takkar eg for hus og heim og eit godt ekteskap. Når eg parkerer bilen utanfor jobben om morgonen pleier eg å be: «Sjå i nåde til meg, syndige menneske, som har krenka deg med tankar, ord og gjerningar. Ha tol med meg og gje at eg må ottast og elska einaste deg». Dette er ein god start på dagen. Då takkar eg for at Guds Ord står fast og at han aldri kjem mine misgjerningar i hug fordi Jesus døydde på krossen for meg!

Hvorfor jeg tror på Gud. Av Marianne Bostrøm

Hei! Jeg heter Marianne Bostrøm, er 25 år og studerer i Bergen. Jeg er glad i å være i Salem, glad i å le og å snakke ærlig om livet og Gud over en kopp te. Gode mennesker, noen sprell og musikk hører også med som ingredienser i en god dag. Av og til (litt for sjeldent, egentlig) er det noen som spør meg hvorfor jeg tror på Gud. Før var det typisk ved dette spørsmålet at jeg syntes samtalen ble litt ubehagelig, jeg begynte å svette og visste ikke helt hva jeg skulle si.

Les mer..

Frida Moldekleiv- Det viktigste er ikke at jeg tenker på Jesus, men at Han tenker på meg

Hei! Mitt navn er Frida Kristina Moldekleiv og dette er mitt femte år som student i Bergen. Jeg har lyst til å fortelle noe som betyr mye for meg i mitt forhold til Jesus.

Les mer..

 

Salem Misjonsforsamling Bergen

Sigurds gate 6 Telefon: 55 90 48 00
5015 Bergen